Stelviopasset (tysk Stilfser Joch eller Stilfserjoch, italiensk Passo dello Stelvio) er med 2 757 m s.l.m. den høgste fjellovergangen i Italia og den nest høgste asfalterte vegovergangen i Alpane – etter Col de l’Iseran. Stelvio knyter saman Bormio i Veltlin, Lombardia med Prad i Vinschgau, Sør-Tirol.
Området rundt passet har sidan 1935 vore ein del av Stelvio nasjonalpark.