Flø ligg ut mot havgapet i Ulstein kommune, og har nokre storstilte rullesteinsstrender med fin sand. Området er verhardt og vakkert.
Her kan du surfe, segle, prøve kajakken og du kan bade og fiske. Ved Flø feriesenter er det båtutleige og kiosk.
Utforsk dei mange fjellstiane, leik i fjøra, ta turen innom det moderne kunstgalleriet studio Hugo Opdal eller berre sett deg ned og nyt solnedgangen ute i storhavet. Det er ei fantastisk oppleving!